Kva er nytt no, sidan sist du studerte?

Marianne Hageli

(student høst 2014)

Eg er tidlegare lærarstudent ved Høgskulen i Volda, eg har både erfaring som campus- og nettstudent. Det er ein god del som har endra seg sidan sist eg var student. Eg har tidlegare tatt eit år som nettstudent i Samfunnsfag, all organisering av studiet var lokalisert og organisert via Fronter, kommunikasjon gjennom E-post og Chat. No som student på DKL, som også er nettbassert. Ligg all informasjon både på Fronter og Google + og noko på Canvas. Forskjellen frå tidlegare erfaring som nettsudent og no, er enorm! Eg har eit mykje nærare forhold til medstudentar, lærarar og er oppdatert på ein heilt annan måte enn tidlegare. Eg får all beskjed direkte inn på mobilen, legg nokon ut ei lenke på G+, gir mobilen beskjed. Eg føler samhald gjennom dette systemet. Samskriving gjennom Google Documents, som invitera til samarbeid og rettleiing frå både medstudentar og lærarar. Denne forma for samarbeid er også noko som eg ikkje nytta sist eg studerte. Som campus student samarbeida vi ofte med forskjellege oppgåver, men det var aldri eit tema å bruke Google Documents. Blogging, er nytt! Det har eg ikkje gjort før, det er ein medieteknologi som eg har lært mykje av. Arne Krokan nevnte i seminaret ved Høgskulen i Volda, at blogging som studieformforbetrar elevars arbeid, fordi dei veit at dette blir lagt ut på nettet, ein gjer derfor ein betre jobb og det kan gi ekstra motivasjon.

Du kan lese hele Meretes blogg her.

One Comment

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *